Achaean Range
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Achaean Range er ei fjellkjede med ei høgd på opp mot 1370 moh. sentralt på Île Anvers i Antarktiske Arkipel. Ho grensar i aust til Iliadbreen og Trojan Range og i vest til Marr forlandsbre og strekkjer seg 10 km nordvest frå Mount Agamemnon, før ho svingar 19 km mot nordaust til Mount Nestor. Fjellkjeda vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1955 og vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter akajarane, ein av motpartane i Trojanarkrigen i Homer sin Iliaden.[1]
Remove ads
Fjell
- Mount Achilles er eit snødekt, bratt fjell, 1280 moh., som ligg 6 km sørvest for Mount Nestor. Det vart kartlagt frå FIDS i 1955 og vart namngjeven av UK-APC etter Akilles, ein sentral person i Illiaden.[2]
- Mount Agamemnon er eit snødekt fjell, 2575 moh., heilt sør i fjellkjeda. Det er ein del av Mount Francais-massivet, men har ein eigen topp som ligg 2,4 km vest for hovudtoppen på Mount Francais. Det vart kartlagt frå FIDS i 1944, og igjen i 1955. Det vart namngjeve av UK-APC etter Agamemnon, øvstkommanderane for styrkane til akajarane ved Troja i Illiaden.[3]
- Mount Nestor er eit fjell, 1250 moh., og det nordlegaste i Achaean Range. Vestsida stig bratt opp frå Marr forlandsbre, medan austsida er eit virvar av bresprekker og taggete tindar. Det vart kartlagt frå FIDS i 1955 og vart namngjeven av UK-APC etter Nestor, som var den eldste akajaiske leiarane som kjema ved Troja i Illiaden.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads