Acidofil
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein acidofil er ein organisme som veks optimalt ved ein pH på under 5,5. Dette står i motsetnad til nøytrofilar og alkalofilar.
Den største gruppa acidofilar er sopp. Det er generelt sett relativt få bakteriar som fell innanfor denne kategorien. Dette har å gjera med måten tredimensjonal proteinstruktur endrar seg på ved sure tilhøve.
Dei fleste acidofilar har utvikla særs effektive protonpumpar til å syta for at cytoplasma heldt seg nær nøytral pH. Dette har gjort at dei intracellulære proteina ikkje naudvendigvis har utvikla seg til stabilitet i syre. Det finst likevel unnatak, til dømes Acetobacter. Denne slekta er viktig innanfor biokjemisk forsking på syrestabilitet.
Remove ads
Kjelder
- Hogg, Stuart: Essential Microbiology Wiley, 2005
- Singleton, Paul & Sainsbury, Diana: Dictionary of Microbiology and Molecular Biology Wiley, 1987
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads