Act Naturally

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Act Naturally» er ein song skrive av Johnny Russell og Voni Morrison, og opphavleg spelt inn av Buck Owens, som nådde førsteplassen på Country-lista i USA med singelen i 1963.[1] Dette var første gongen Owen var på førsteplassen.[2] I 2002 plasserte Shelly Fabian frå About.com songen på 169. plass på lista over dei 500 største countrysongane nokon gong.[3]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen er spelt av mange andre artistar, mellom anna Loretta Lynn og The Beatles.[4]

«They're gonna put me in the movies
They're gonna make a big star out of me
We'll make a film about a man that's sad and lonely
And all I gotta do is act naturally»

Johnny Russel

Songen var sterkt medverkande til å gjere Buck Owens til ei stor stjerne og songen låg totalt 28 veker inne på countrylista i USA. I løpet av 1960-åra hadde Owens heile 19 songar på toppen av countrylista.[5]

The Beatles spelte inn songen for albumet Help! i 1965 og han vart gjeven ut som B-side på singelen «Yesterday».[6] Beatles-utgåva er sungen av Ringo Starr.[7]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads