Albumet Help!

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Help! er det femte albumet av The Beatles og filmmusikken til filmen med same namn. Det vart produsert av George Martin for EMI sitt Parlophone Records og den originale britiske utgjevinga av albumet inneheld sju songar som var med i filmen og sju songar som ikkje var det, mellom anna ein av dei mest innspelte songane gjennom tidene, balladen «Yesterday» av Paul McCartney.

Meir informasjon The Beatles-kronologi, Singlar frå Help! ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Albumet inneheld to songar som vart store hittar i mange land, «Ticket to Ride» og tittelsporet. Songar som Lennon sin «You've Got to Hide Your Love Away» indikerte påverknad av Bob Dylan og folkemusikk. I seinare år fortalte Lennon at tittelsporet var eit rop om hjelp sidan presset den store populariteten gav og hans eige ulukkelege humør (som han seinare kalla sin «feite Elvis-periode»). Han fortalte samstundes at han angra på at han gjorde songen om frå ein neddempa song ala Roy Orbison sin «Only the Lonely» til ein rask song på grunn av kommersielt press.

McCartney medverka med «Yesterday», «Another Girl», «The Night Before», og «I’ve Just Seen a Face». McCartney viste kor mangesidig han var då Beatles i løpet av ein innspelingsdag, den 14. juni 1965, spelte inn songane hans «I’m Down», «I’ve Just Seen a Face» og «Yesterday»

George Harrison medverka med «I Need You» og «You Like Me Too Much». Dette var dei første Harrison-songane på eit Beatles-album sidan «Don’t Bother Me» frå With The Beatles i 1963.

I 2012 vart albumet plassert på 331. plass på musikkmagsinet Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[14]

Remove ads

Utgjeving

På plateomslaget ser ein gruppa med armane som stavar eit ord med flaggsignal. Eigentleg skulle dei stave HELP, men dette såg visstnok ikkje så bra ut, så dei valde i staden å improvisere. Derfor stavar dei eigentleg NUVJ.[15]

Albumet gjekk til topps i mange land, mellom anna Storbritannia, USA og Australia.

Albumet vart gjeve ut på CD i 1987.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Den amerikanske utgåva av albumet inneheld songar frå filmen, samt eit par orkesterstykke komponert av Ken Thorne og framført av George Martin Orchestra. Av desse stykka finn ein det første musikkstykket med indisk sitar på eit popalbum.

Remove ads

Medverkande

I følgje Mark Lewisohn[16][17] og Alan W. Pollack.[18]

The Beatles

  • John Lennon – solo- harmoni- og korvokal; rytme- og akustisk gitar; elektrisk piano; tamburin på «Tell Me What You See»
  • Paul McCartney – solo- harmoni- og korvokal; bass, akustisk og sologitar; piano, elektrisk piano
  • George Harrison – solo- harmoni- og korvokal; akustisk gitar, solo- og rytmegitar; solovokal på «I Need You» og «You Like Me Too Much»; guiro på «Tell Me What You See»
  • Ringo Starr – trommer og ymse perkusjon; claves på «Tell Me What You See»; solovokal på «Act Naturally»

Andre musikarar

  • George Martin – produsent, piano på «You Like Me Too Much»
  • John Scott – tenor- og altfløyter på «You've Got to Hide Your Love Away»
  • Strykekvartetten på «Yesterday» arrangert av Martin i lag med McCartney

Salslister og salstrofé

Meir informasjon Liste (1965), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads