Action av Sweet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Action» er ein eigenskriven og produsert song frå 1975 av det britiske glamrockbandet Sweet.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

Songen gjekk gjennom fleire iterasjonar: ein 7"-singelversjon vart spelt inn i Ian Gillan sitt Kingsway Studios i London og litt forskjellige versjonar kom ut på albuma Strung Up og Give Us a Wink. Tekstane refererer til den negative handsaminga Sweet fekk som popstjerner, særskild av musikkpressa, og til krava i musikkindustrien. Sporet har ein maskert «baklengs vokal» med orda «You kiss my ass».

Det første verset har ein slåande likskap med hardrock-delen av Queen-songen «Bohemian Rhapsody», som kom ut fire månader seinare. Forsanger Brian Connolly kalla det eit «openbert tjuveri».

Remove ads

Salslister

Singelen nådde 15. plassen i Storbritannia i juli 1975 og nådde Topp 40 i USA året etter.

Meir informasjon Liste (1975), Plassering ...

Def Leppard-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I 1993 gav det engelske heavy metal-bandet Def Leppard songen på albumet deira Retro Active. «Andy [Scott] sa at vår versjon av 'Action' var den beste coverversjonen av ein Sweet-song han hadde høyrd», sa songaren Joe Elliott.[4] Den originale innspelinga frå 1992, spelt inn før gitaristen Vivian Campbell kom med i bandet, kom ut som B-sida til «Make Love Like a Man». Versjonen kom ut på Retro Active og som ein singel med nyinnspelt skarptromme av trommeslagaren Rick Allen og ekstra korvokal frå Campbell og P.J. Smith.

Musikkvideoen vart regissert av Phil Tuckett frå NFL entertainment. Han vart filma ein gong mellom juni og desember 1993 i Sheffield i Ottawa og i heimlandet til Joe Elliott i Irland. Bandet 'oppdaga' den maskerte baklengsvokalen på originalsporet og refererte til dette i CD-omslaget til singelen.

Leppard-versjonen kom ut på spesialutgåva av albumet Yeah! frå 2006.

Innhald

CD: Bludgeon Riffola/LEPCD 13 (Storbritannia)/858 093-2 (INT)

  1. «Action»
  2. «She's Too Tough» (Joe's demo)
  3. «Miss You in a Heartbeat» (Phil's demo)

Andre coverversjonar

  • Songen vart òg spelt av Raven (i 1981 på albumet deira Rock Until You Drop)
  • Black 'n Blue (i 1984 på albumet deira Black 'n Blue)
  • Power metal-bandet Vengeance Incorporated i 1992 på albumet deira Bad Crazy
  • Steve Stevens (i 1989 på albumet hans Atomic Playboys).
  • Scorpions gav ut ein tyskspråkleg versjon av songen kalla «Wenn es richtig losgeht» på B-sida av singelen «Fuchs geh' voran» (ein versjon av «Fox on the Run», òg av Sweet).
  • Kroppsbyggaren og hardrocksongaren Jon Mikl Thor framførte ein gong songen på The Mike Douglas Show.[5]
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads