Ada Ciganlija
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads

Ada Ciganlija eller berre Ada (serbisk Ада Циганлија) er ei menneskapt halvøy og tidlegare øy i elva Sava i sentrale område av Beograd. Namnet vert òg nytta om den kunstige Savasjøen og stranda her. Øya ligg nedanfor sentrum i byen og har dei siste tiåra vorte omgjort frå ei utilgjengeleg myr frykta for offisielle avrettingar, til ein særs populær fleirbruksstad for innbyggjarane i Beograd med strender og sportsanlegg. Om sommaren kjem hit over 100 000 vitjande dagleg[1] og opp til 300 000 vitjande i helgene.[2][3]
Remove ads
Geografi
Øya ligg på høgre breidda av Sava og tre vegfyllingar omgjorde øya geografisk til ei halvøy. Ho vert likevel framleis rekna som ei øy av innbyggjarane i Beograd. Øya er langstrekt, om lag 6 km frå sørvest til nordaust, og 700 meter på det breiaste med eit areal på 2,7 km².[4]
Savasjøen

Savasjøen, vanlegvis berre kalla Ada, vart skapt av vegfyllingane som går ut til øya i 1967.[2] Innsjøen er 4,2 km lang, i snitt 200 meter brei og er 4-6 meter djup. Han dekkjer eit område på 0,8 km². 7 km av breidda til innsjøen er omgjort til ei grusstrand på begge sider. Vasstemperaturen når vanlegvis 24 °C om sommaren.
Begge demningane som lukkar innsjøen er utstyrt med røyr og pumper og vatnet renn gjennom eit lite tjern før det renn inn i sjølve innsjøen. Slik kan styresmaktene reinse vatnet før det vert pumpa vidare inn i Savasjøen. Vassverket i byen nyttar òg dette vatnet.[3] Sidan vatnet er drikkevasskjelde er det strenge miljømessige vern av innsjøen og motoriserte båtar på innsjøen eller hundar på stranda er ikkje lov.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads