Adda

From Wikipedia, the free encyclopedia

Adda
Remove ads

Adda (latin Abdua eller Addua) er ei elv nord i Italia og ei av sideelvane til Po frå venstre. Ho har utspring i Alpane nær grensa til Sveits og renn ut i Comosjøen. Adda munnar ut i Po nokre kilometer oppfor Cremona. Ho er 313 km lang.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Av byar langs Adda finn ein Bormio, Sondrio, Bellagio og Lecco (begge ved Comosjøen) og Lodi.

Thumb
Adda ved Trezzo sull'Adda.

Kjelda til Adda er nokre små vatn øvst i Fragiledalen, men volumet i elva aukar først nær byen Bormio. Ho renn så sørvestover, så vestover gjennom frodige Valtellina, forbi Tirano, der Poschiavinofossen er på høgresida, og Sondrio, der ho møter Mallero frå høgre. Ho renn så ut i Comosjøen i nordenden. Ho renn vidare ut frå den søraustlege armen til Comosjøen, kalla Leccoarmen, og kryssar sletta i Lombardia der ho mottar elva Serio frå venstre. Til slutt munnar ho ut i Po, 13 km oppfor Cremona.

Dei nedre delane av Adda danna tidlegare grensa mellom Republikken Venezia og Hertugdømet Milano etter Loditraktaten i 1454. Fleire viktig slag er utkjempa ved breidda av elva, mest kjend er slaget ved Lodi, der Napoleon slo austerrikarane i 1796. Fleire slag har òg funne stad ved bruhovudet i Cassano d'Adda.

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Adda


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads