Lecco
kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lecco er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Lecco i regionen Lombardia og har om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 50 km nord for Milano i enden av den søraustlege greina av Comosjøen. Foten av Alpane stig opp i nord og aust og Valsassina strekkjer seg gjennom dei og sørover mot Lecco.
Elva Adda renn ut frå Comosjøen ved Lecco og det er bygd tre bruer over elva her: Azzone Visconti-brua (1336-1338), Kennedybrua (1956) og Alessandro Manzoni-brua (1985).
Hovudnæringa i byen var tidlegare basert på industri (jernframstilling).
Remove ads
Historie

Ein har arkeologiske spor etter keltiske busetjingar i området før romarane kom til området. Romarane bygde ei castrum her og gjorde han til eit viktig trafikknutepunkt. Etter Vestromarriket sitt fall erobra langobardar byen på 500-talet og dei vart ettefulgt av frankarar, som gjorde Lecco til sete i eit grevskap og seinare i eit grenseland.
Keisar Otto I var lenge i Lecco og slo ned på opprøret leia av grev Attone i Lecco mot Det tysk-romerske riket i 964. Seinare kom byen inn under erkebiskopen i Milano. Konrad II heldt seg òg ein del av i Lecco i forøk på å frigjere han frå kyrkja, men som følgje av krigen vart byen underlagt Milano. Frå her følgjer byen histora til Hertugdømet Milano og Lombardia. Tidleg på 1500-talet var han ei kort stund styrt av condottiere Gian Giacomo Medici.
Under den andre verdskrigen vart han eit viktig senter for partisankrigen mot dei tyske okkupantane.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lecco» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2007.
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads