Bormio
kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bormio (retoromansk Buorm) er ein kommune i provinsen Sondrio i regionen Lombardia i Nord-Italia. Kommunen har eit areal på 41 km² og i overkant av 4 000 innbyggjarar (2010). Bormio er hovudbyen i øvre Valtellina. Småbyen ligg 1 225 meter over havet, ved foten av Stelviopasset.

Bormio er internasjonalt kjend for sine varme kjelder og som vintersportsstad. Sidan midt på 1990-talet har det ofte vorte arrangert verdscuprenn på staden. Verdsmeisterskapane i alpine greiner for 1985 og 2005 vart avvikla i Bormio.
Skirennaren Deborah Compagnoni er frå Bormio.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads