Adelboden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Adelboden er ein kommune i distriktet Frutigen-Niedersimmental i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har eit areal på 88,2 km og hadde 3563 innbyggarar i 2010. Kommunesenteret ligg 1 350 meter over havet, 35 km sørvest for Interlaken.
Adelboden ligg øvst i dalen Engstligental, og grensar i sør mot kantonen Valais. Heile kommunen ligg over 1 000 meter over havet, fjelltoppane Wildstrubel og Steghorn er over 3 000 moh.
Staden er kjend som eit senter for alpin skisport, fleire gongar har der vore arrangert verdscuprenn i alpint. Skirennarane Frieda Dänzer, Annerösli Zryd, Marlies Oester, Hans Pieren og Adolf Rösti er alle frå Adelboden.
Tysk er offisielt språk i kommunen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Adelboden» frå Wikipedia på tysk, den 21. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads