Administrativ inndeling i Romania

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Den administrative inndelinga i Romania er stadfesta i grunnlova frå 1991 og Lov nr. 351 av 6. juli 2001 om godkjenning av Nasjonal arealplan.[1][2]

Landet er delt inn i 41 județ («fylke»). Innafor kvart județ er det tre ulike kategoriar på det kommunale planet:

Kommunar

Dei tre typane kommunar ligg administrativt på det same nivået, men bykommunane har fleire lokale styringsoppgåver enn dei mindre comună. For å få status som oraș må kommunen ha minst 5000 innbyggjarar (vanlegvis 10 000 eller meir) og ein viss grad av urbanisering. For status som municipiu er minstekravet 25 000 innbyggjarar og ein større grad av urbanisering.[2]

Ved utgangen av 2019 var det 320 bykommunar (103 municipiu og 217 oraș) og 2861 landkommunar (comună) i Romania.[3] Dei ulike typene kommunar administrerer 12 957 landsbyar, som ikkje har eigen administrasjon.

Remove ads

Bucureşti

Hovudstaden București er eit unntak frå denne strukturen. Han er ein eigen kommune, men er administrativt styrt på same nivå som județ. Hovudstaden er så delt inn i seks sektorar (rumensk sectoare), som kvar administrerer ei rekkje bydelar utan administrative funksjonar.[4][5]

Regionar

Dei 41 județ og kommunen București er grupperte i fire makroregionar (rumensk macroregiune), kvar delt inn i to utviklingsregionar (rumensk regiunile de dezvoltare). Dei har ingen administrative funksjonar, men er først og fremst brukt for statistiske og planleggingsmessige føremål:[6]

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads