Adolf Strengehagen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Adolf Theodor Hansen Strengehagen (4. januar 185225. februar 1928) var ein gruvearbeidar og stortingsmann frå Kongsberg. Han var medlem av Venstre.[1]

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Strengehagen var son til ein arbeidsformann ved sølvverket på Kongsberg. Han arbeidde sjølv på sølvverket frå 1867. I to år, 1871-73, gjekk han bergskulen, før han tok til att på verket. Han var arbeidsformann 1878-79 og og oppsynsmann 1897-95. Sidan var han stiger.

Han var medlem av Kongsberg bystyre frå 1881, ordførar i fire år. Også skulestyreformann i to år. Strengehagen var varamann til Stortinget perioden 1895-97. Alle dei tre sesjonane møtte han på tinget frå midten av juli, i staden for den faste representanten Thomas Münster. Han var fast representant på Stortinget frå byen i perioden mellom 1898 og 1906, sidan var han Kongsberg og Hønefoss sin representant 1906-12. Frå 1895 til 1900 var han medlem av landbrukskomiteen, sekretær i denne 1900-03. Medlem av Lagtinget 1900-12, som sekretær den siste valbolken. Elles var han medlem av militærkomiteen 1903-12 og av valkomiteen 1906-12

Strengehagen døydde i heimbyen i 1928.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads