Adrian Belew

amerikansk songar og gitarist From Wikipedia, the free encyclopedia

Adrian Belew
Remove ads

Adrian Belew (fødd Robert Steven Belew, 23. desember 1949) er ein amerikansk gitarist, songar, låtskrivar, multi-instrumentalist og plateprodusent. Han er kanskje mest kjend som medlem i progrockgruppa King Crimson (som han har vore medlem av sidan 1981) og for den uvanlege impresjonistiske måten å spele gitar på.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Han er vidt rekna som ein «særs allsidig musikar»,[1] Belew har gjeve ut nesten tjue soloalbum for Island Records og Atlantic Records som blandar Beatles-inspirert pop-rock med meir eksperimentell musikk. Singelen hans «Beat Box Guitar» vart nominert til ein Grammy for beste rockeinstrumental. I tillegg til å ha vore medlem av King Crimson, har han òg spelt i det meir popaktige bandet The Bears og fronta sitt eige band, Gaga, seint i 1970-åra og tidleg i 1980-åra. Han har arbeidd mykje som studiomusikar og turnert med mange artistar, mellom andre Talking Heads, David Bowie, Caifanes, Santa Sabina, Frank Zappa og Nine Inch Nails.

Belew har i nyare tid designa instrument, og har samarbeidd med Parker Guitars til å designe sin eigen Parker Fly signaturgitar.

Remove ads

Diskografi

  • Lone Rhino (1982)
  • Twang Bar King (1983)
  • Desire Caught By the Tail (1986)
  • Mr. Music Head (1989)
  • Young Lions (1990)
  • Desire of the Rhino King (1991) - samling av dei tre første albuma
  • Inner Revolution (1992)
  • The Acoustic Adrian Belew (1993)
  • Here (1994)
  • The Guitar as Orchestra: Experimental Guitar Series, Vol. 1 (1995)
  • Op Zop Too Wah (1996)
  • Belew Prints: The Acoustic Adrian Belew, Vol. 2 (1998)
  • Salad Days (1999)
  • Coming Attractions (2000)
  • Raven Songs 101 (2004, med Kevin Max)
  • Side One (2005)
  • Side Two (2005)
  • Side Three (2006)
  • Side Four (2007)
  • e (2009)
    • Live Overseas (2009)

som Clay & Belew:

  • A Cup Of Coffee And A Slice of Time (2009)
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads