Aethia

fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Aethia
Remove ads

Aethia er ei biologisk slekt av fire alkeartar med vide leveområde i nordlege Stillehavet, Beringhavet og Okhotskhavet, og er blant nokre av de mest talrike sjøfuglane langs kystar av Nord-Amerika.[1] Tre av artane i slekta har samnamnet dvergalke på norsk. Omgrepet 'dvergalke' blir òg brukt om alle fire i slekta og om Ptychoramphus, sotalke.[2] Ettersom dvergalker er kolonihekkarar med reirplass inne i ur og bergsprekker, er dei trua av innvandrande predatorar som fjellrev og brunrotter.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Dette er små sjøfuglar, ca. 15 til 24 centimeter[3] og ca. 85-330 gram i vekt.

Dvergalker er vanlegvis særs sosiale og hekkar i tette koloniar, unnataket er papegøyealker som er meir spreidde.[1] Alle har ei form for ornamentikk i andletet, til dømes fjører ved øyro, store fjørtoppar som hos praktdvergalker og toppdvergalker, og toppdvergalker og praktdvergalke har ein mandarinliknande lukt[1] som kan fungere i partnarval[4] eller til gjenkjenning, men dette krev meir forsking.[5]

Alle Aethia-alker legg eit kvitt egg i ei naturleg bergkløft og rugar i 25-36 dagar.[1] Etter klekking er ungen dels og sjølvhjelpt og blir flygedyktige etter 25-35 dagar.[6] Han er kjønnsmoden etter 3 -5 år.[7] Storleikane på koloniane er svært variable, og spenner frå mindre enn 100 individ til over ein million. Toppdvergalker har tendens til å hekke i større tettleik enn papegøyealker og praktdvergalker.[5]

Dvergalker er hovudsakleg planktonetarar, tar for seg av ei rekkje calanoide hoppekreps, kril og andre virvellause dyr som stormaneter og ribbemaneter.

Remove ads

Utbreiing

Aethia-alker har kjende asiatiske koloniar i Kurilane, Kommandørøyane, langs Kamtsjatkahalvøya og Tsjuktsjarhalvøya. I Nord-Amerika finst store koloniar er i Aleutane til Alaskabukta og nord til øyane i Beringhavet.[1]

Dvergalker er mykje stadegne, òg på val av reirplass, sjølv om opptil 33 % av para av flekkdvergalke og toppdvergalke kan vere oppløyste når begge partnarane har overlevd.[1]

Vinterutbreiinga av dvergalker er lite kjent. Flekkdvergalker overvintrar sannsynlegvis nær hekkekoloniane[8] og mange har vore observerte ved Aleutane om vinteren.[9] Dvergalker frå det nordlege Beringhavet må flytte lengjer sør på grunn av pakkis rundt hekkekoloniane i løpet av vinteren.[1]

Remove ads

Vern

Fordi dei hekkar i ur og bergsprekker, er dvergalker sårbare for predasjon frå rottar,[10] og har vorte utrydda frå nokre øyar der fjellrev er innført for oppdrett.[8][11] Utrydding av rottar frå Rat Island i Aleutane vart avslutta i 2008 og 2009.[12]

Den store kolonien på Sirius Point, øya Kiska, opplevde nesten komplett svikt i hekking i 2001 og 2002 på grunn av rottepredasjon og uroing.[13]

Artslista

Dvergalker i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [14] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [15]

  • Papegøyealke, Aethia psittacula - 1 - 2 millionar individ i verdspopulasjonen
  • Flekkdvergalke, Aethia pusilla - 24 millionar
  • Praktdvergalke, Aethia pygmaea - 100 000 - 250 000
  • Toppdvergalke, Aethia cristatella - 5 - 10 millionar

Slektstilhøvet mellom artane av verklege dvergalker enno uklåre.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads