Afik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Afik (hebraisk אֲפִיק) er ei israelsk busetjing og ein kibbutz grunnlagd i 1972.[3] Det var den første jødiske busetnaden grunnlagd i Golanhøgdene etter seksdagarskrigen.
- Må ikkje forvekslast med Afek.
- For landsbyen i Iran, sjå Afik i Iran.
Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, medan dei israelske styresmaktene motset seg dette.[4]
Remove ads
Historie
Det er fleire stader i Bibelen som heiter Afek og kibbutzen trur ein ligg nær ruinane til ein Afek som er nemnt i Kongebøkene (1 Kong 20:26) som fortel om korleis kong Ahab av Israel slo Ben-Hadad I av Damaskus [5] og profeten Elisja som føresåg at kong Jehoash av Israel skulle slå Ben-Hadad III av Damaskus.[6][7]
Afik kibbutz høyrer til Ihud HaKvutzot VeHakibbutzim og vart grunnlagd nær den fråflytta syriske landsbyeb Fiq den 8. mai 1972.[8][9][10] Han er styrt av Golan regionale kommune og Fik lufthamn ligg i nærleiken.
Remove ads
Økonomi
Økonomien baserer seg på jordbruk (grønsake og frukthagar), meieridrift og kyllingavl. Kibbutzen driv òg fleire fabrikkar i lag med Yifat som Afic Printing Solutions, som produserer tonar og blekk til printarar.[11]
Sjå òg
- israelskokkuperte territorium
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads