Fiq i Syria
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fiq er ein tidlegare by i Syria som administrativt høyrer til Al Quneitra guvernement i Golanhøgdene.[1] Han ligg 349 meter over havet. Den israelske busetnaden Afik, ein kibbutz, vart bygd i nærleiken.[1]
Remove ads
Historie
Fiq var ein antikk by, og her er funne mange inskripsjonar på latin og gresk.[2]
I 1596 vart Fiq oppført i osmanske skattelister som ein del av Jawlan Garbi nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 16 hushaldningar og 9 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og/eller bikubar.[3]
Den franske oppdagaren Victor Guérin noterte på 1800-talet at Fiq vart delt inn i fire kvarter, kvar administrert av sin eigen sjeik. Dei fleste av heimane inneheldt restane av gamle bygningar. Landsbyen var rik på ferskvatn.[4]
Då Gottlieb Schumacher landmålte området i 1880-åra, skildra han Fiq som ein stor landsby med kring 400 menneske.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads