Agnete Saba

norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Agnete Saba
Remove ads

Agnete Kristin Johnsen Saba (fødd 4. juli 1994 i Varangerbotn) er ein norsk musikar og songar. Ho var tidlegare frontfigur i rockegruppa The BlackSheeps. I 2016 vann ho Melodi Grand Prix og representerte Noreg i Eurovision Song Contest.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Agnete Saba, fødd Agnete Johnsen, er dotter av den samiske barnebokforfattaren Signe Iversen[1] og Arild Johnsen, og tok i 2020 «Saba», jentenamnet til mormora si, som etternamn.[2]

Saba vaks opp på Reahpen i Nesseby kommune i Finnmark.

Eurovision

Melodi Grand Prix Junior 2008

I 2008 vann ho, som ein del av gruppa The BlackSheeps, Melodi Grand Prix Junior 2008 med songen «Oro jaska beana». Etter sigeren i Melodi Grand Prix Junior 2008 fekk gruppa representere Noreg i Melodi Grand Prix Junior Nordic 2008 og vann.

Melodi Grand Prix 2011

I 2011 skreiv gruppa historie då dei deltok i Melodi Grand Prix med songen «Dance Tonight». I den tredje semifinalen enda dei på andreplass og gjekk vidare til finalen. Dei fekk òg ein andreplass i finalen, og fekk ikkje representere Noreg i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland.

Melodi Grand Prix Junior 2013

Under superfinalen i Melodi Grand Prix Junior 2013 framførte Saba, under namnet Aggie, songen «Goin' Insane».

Melodi Grand Prix 2016

I 2016 vann ho Melodi Grand Prix med songen «Icebreaker».[3] Ho vart då den fyrste som har vunne både Melodi Grand Prix jr. og Melodi Grand Prix.[4][5]

I Eurovision Song Contest i Stockholm var ho nummer 15 ut på scenen i semifinale 2, etter den endelege vinnaren Ukraina, og før Georgia. Det norske bidraget vart til slutt nummer 13 av 18 i semifinalen, og kvalifiserte seg ikkje til finalen.

I 2016 fekk ho Åpenhetsprisen med grunngjevinga «Agnete Johnsen viser mot ved å være åpen om sine psykiske utfordringer og snakke om det som er vondt mens det er vondt».[6]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads