Eurovision Song Contest 2016
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eurovision Song Contest 2016 (ESC 2016), offisielt 61. Eurovision Song Contest, var den 61. gongen Eurovision Song Contest vert arrangert. Tevlinga vart halden i Globen i Stockholm, etter at Sverige vann tevlinga i 2015.
Remove ads
Førtitre land melde seg på tevlinga, mellom dei Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Kroatia og Ukraina, som kom attende etter ein pause på høvevis tre, to og eit år.[5] Ein avtale mellom australske Special Broadcasting Service og Den europeiske kringkastingsunionen gjorde at Australia ufriviljug måtte trekkje seg sidan dei ikkje vann tevlinga i 2015. 17. november 2015 vart det likevel stadfesta at Australia fekk ta del i tevlinga, men mått kvalifisere seg til finalen gjennom ein av dei to semifinalane.[6]
Etter ein røysteprosess basert på eit format med 50 prosent juryrøyster og 50 prosent telefonrøyster, vann Ukraina tevlinga for andre gong, med «1944» av Jamala. Australia vann juryrøystinga, med Ukraina på andre plass og Frankrike på tredje plass. Russland vann telefonrøystinga, med Ukraina på andre plass og Polen på tredje plass. Dette var fyrste gongen at vinnarlandet ikkje vann jury- eller telefonrøystinga.
Remove ads
Endring av bidrag
Tyskland
19. november 2015 annonserte Norddeutscher Rundfunk at Xavier Naidoo skulle representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2016.[7] Songen ville verte vald 18. februar 2016 i eit direktesendt fjernsynsprogram.[7] Berre to dagar seinare, 21. november 2015, vart forslaget om å senda Naidoo trekt attende av di Norddeutscher Rundfunk hadde motteke kritikk i sosiale medium.[8] Det var Naidoo sine tidlegare negative songtekstar om jødar og homofile som fekk folk til å protestere imot deltakinga.[8][9]
Remove ads
Deltakande land
Attendevendande til tevlinga
Deen representerte Bosnia-Hercegovina i 2004 som artist med «In The Disco», og enda på niandeplass i finalen. Poli Genova representerte Bulgaria i 2011 som artist med «Na inat», og enda på tolvteplass i den andre semifinalen. Gréta Salóme representerte Island saman med Jónsi i 2012 som artist med «Never Forget», og enda på 20. plass i finalen. Donny Montell representerte Litauen i 2012 som artist med «Love Is Blind», og enda på 14. plass i finalen. Kaliopi representerte Makedonia i 1996 som artist og låtskrivar med «Samo ti», og enda på 26. plass i kvalifiseringsrunden, noko som gjer at bidraget offisielt ikkje deltok i Eurovision Song Contest. Ho var òg artist og låtskrivar for Makedonia i 2012 med «Crno i belo», og enda på 13. plass i finalen. Ira Losco representerte Malta i 2002 som artist med «7th Wonder», og enda på andreplass i finalen. Bojan Jovović frå Highway representerte Serbia og Montenegro i 2005 som artist med gruppa No Name, og som låtskrivar, med «Zauvijek moja», og enda på sjuandeplass i finalen. Petra Mede leia Eurovision Song Contest 2013. Måns Zelmerlöw vann for Sverige i 2015 som artist med «Heroes». Stig Rästa representerte Estland som artist med Elina Born, og låtskrivar, i 2015 med «Goodbye to Yesterday», og enda på sjuandeplass i finalen. Andreas Grass og Nikola Paryla representerte Austerrike som låtskrivarar med «Shine» i 2013, og enda på 14. plass i den fyrste semifinalen.
Semifinale 1
Den fyrste semifinalen vart kringkasta 10. mai frå Globen i Stockholm.
██ Vinnar ██ Andreplass ██ Tredjeplass ██ Kvalifisert til finalen ██ Sisteplass
Semifinale 2
Den andre semifinalen vart kringkasta 12. mai frå Globen i Stockholm.
██ Vinnar ██ Andreplass ██ Tredjeplass ██ Kvalifisert til finalen ██ Sisteplass
Finalen
██ Vinnar ██ Andreplass ██ Tredjeplass ██ Sisteplass
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads