Agurk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Agurk er ein plante i graskarfamilien. Bæret til agurken blir brukt som grønsak, og agurk har vore kulturplante i India i minst tre tusen år. Han kom til Noreg på 1660-talet. Agurken er som regel grøn og blir eten rå eller sylta.
Remove ads
Skildring
Agurkplanten har gule blomar og store blad. Agurkfruktene har ei noko krumma sylinderform og kan bli frå 10 til 60 cm lange.

Bruk
Agurk blir ofte delt i skiver eller terningar og brukt i agurksalat eller som del av ein annan salat. Ein kan òg bruka han som pålegg eller anna slag tilhøyr.
Næringsinnhald
Heile 96 % av agurken er vatn,[1] og han gjev difor mindre næring enn mange andre frukter. Fersk agurk er likevel ei god kjelde for C-vitamin, K-vitamin og kalium. Sylteagurk inneheld endå mindre næringsstoff, særleg C-vitamin.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads