Skulderboge

From Wikipedia, the free encyclopedia

Skulderboge
Remove ads

Skulderbogen (på latin: cingulum extremitas superioris eller cingulum membri superioris[1]) er dei beina som dannar skjelettet i skuldra og som med det knyter saman beina i armen med akseskjelettet. I mennesker er han sett saman av skulderblada, scapulae, kragebeina, claviculae, og den øvste delen av brystbeinet som er kalla brystbeinhandtaket, manubrium sterni. Nokre dyr, slik som fuglar, har enda eit bein i skulderbogen, nemleg os coracoideum. Dette er ikkje det same som mennesket sitt ramnenebb, processus coracoideus. [2] Nokre pattedyr, slik som hund og hest, har ikkje kragebein, og skulderbladet er da berre festa til resten av kroppen med muskulatur og sener.

Thumb
Skulderbogen med skulderbladet, kragebeinet og øvste delen av brystbeinet. Legg merke til at kragebeinet er det einaste som knyter akseskjelettet til armen.
Remove ads

Ledda i skulderbogen

Det er fem ledd i skjelettbogen, og av dei så er det berre to av dei som blir kalla ekte ledd:

Meir informasjon Namn på leddet, Latinsk namn på leddet ...

Hos mennesket er det to ekte ledd i skulderbogen. Det eine er det sternoclaviculære leddet mellom brystbeinet og kragebeinet på kvar sin side. Takka vere ei leddskive, discus articularis mellom dei to leddflatene som ikkje heilt passar inn i kvarandre, så vil leddet verke som eit kuleledd. Leddutslaget er 50° abduksjon, 30° fleksjon og 5° adduksjon[5], og på grunn av dette er sternoclaviculærleddet viktig i sirkumduksjon av armen.

Det acromioclaviculære leddet er bunde saman med leddband, og det er ikkje noko anna enn musklar mellom skulderbladet og brystkassa. Dette muskulære leddet mellom skuldetbladet og brystkassa gir skuldra stor rørsleutslag samanlikna med bekkenbogen, og ein kan sjå at ein gjennom evolusjonen har ofra skulderstabiliteten for å få større mobilitet i leddet da mennesket reiste seg opp på to bein.

Remove ads

Muskulatur

Musklane som verkar inn i skulderbogen, anten stabiliserande eller ved å røre på beina er:

Remove ads

Sjå og

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads