Musculus serratus anterior
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Musculus serratus anterior (frå latin: serrare - «å sage», anterior - «fremre»), på norsk òg kalla den fremre sagmuskelen[1] er ein muskel som ligg inn mot brystkassa under armhòla, axilla og rører skulderbladet scapula.
Remove ads
Utspring og feste
Han spring ut frå overflata til dei øvste ni eller ti ribbeina på framsida av brystkassa. Han er feste i ribbeina i muskelbuntar som strekkjer seg fram på kvart ribbein,[2] og slik får muskelen den sagtannliknande utsjånaden som gir namnet serratus. Han festar på heile den fremre delen av den mediale skulderbladskanten, margo medialis scapulae, og når han trekkjer seg saman vil skulderbladet bli trekt ut og framover.
Remove ads
Innervasjon

Muskelen får nerveforsyninga si frå n. thoracicus longus. Han kjem frå overarmsflettverket, plexus brachialis, og går ut frå ryggmergen ved C6-C8, det vil seie frå det sjette til det åttande halsryggmergssegment. Han fér heilt inferiort på muskelen før han breier seg inn i muskelen.
Ved lamming av n. thoracicus longus vil ein ikkje klare å trekkje skulderbladet inn mot baksida av brystkassa om ein skyt fram armane. Det resulterer i venging av skulderbladet, scapula alata.[3] Det kan skje etter visse kirurgiske inngrep ved at ein skadar nerven, inngrep slik som fjerning av lymfeknutar i armhòla som er vanleg ved brystkreft. Det kan òg hende om ein ber tunge sekkar over skuldrene. [4]
Remove ads
Fleire bilete
- Dissekert m. serratus anterior er vist til høgre på biletet.
- M. serratus anterior vist i raudt.
- Dei djupe musklane på brystkassa og overarma. M. serratus anterior kan ein sjå som den sagtanna muskelen som ligg utanpå ribbeina.
Sjå òg

Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads