Aksel Kankaanranta
finsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aksel Kankaanranta (fødd 28. januar 1998 i Åbo) er ein finsk songar som vart kjend i heimlandet i 2017, då han vart nummer to i den finske utgåva av The Voice. Året etter fekk han ein hit med raplåten «Jättiläinen», og i 2020 vann han den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu med songen «Looking Back».[1] Med sigeren skulle Kankaanranta ha representert Finland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2][3]
Remove ads
Bakgrunn
Kankaanranta vaks opp i Åbo, i ein musikalsk familie. Då han var seks år, byrja han med fiolinundervising, men bytta til bass og gitar då han vart tenåring.[4] Som barn vart han mobba på skulen. På vidaregåande skule byrja han å syngje. «Då oppdaga eg at eg kan synge. Etter det har eg ikkje lukka munnen min», sa Kankaanranta i eit intervju med avisa Ilta-Sanomat i 2017.[5]
I 2017 melde Kankaanranta seg på den finske utgåva av talentprogrammet The Voice. Han enda til slutt på ein andreplass i tevlinga, og året etter fekk han ei hit då han song refrenget på raplåten «Jättiläinen» (kjemper) med rapperen Pyhimys. Låten toppa den finske hitlisten våren 2018.[6]
I 2020 var Kankaanranta blant deltakarane i den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest. I finalen laurdag 7. mars 2020 vann han Uuden Musiikin Kilpailu med songen «Looking Back». Som vinnar skulle han ha representert Finland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Han skulle ha delteke i den andre semifinalen torsdag 14. mai 2020.[7] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgende sjukdomen COVID-19.[8] I 2021 deltok han på ny i Uuden Musiikin Kilpailu. I finalen laurdag 20. februar 2021 enda han på femteplass med songen «Hurt». Kankaanranta omtalar seg sjølv som ein sjenert person, som trivst på scena – der han kan vekka «djupe kjensler og reaksjonar i folk».[2]
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads