Al-Janudiyah

From Wikipedia, the free encyclopedia

Al-Janudiyah
Remove ads

Al-Janudiyah (arabisk الجانودية; òg skrive al-Janoudiya, el-Janudieh eller al-Janoodiya) er ein by nord i Syria i Idlib guvernement, nordvest for Idlib langs vestbreidda av Orontes i Zawiya.[2] Av stader i nærleiken finn ein Shughur Fuqani i sørvest, Jisr al-Shughur 10 kilometer mot sør, Bishlamun i søraust, Kafr Dibbin i nordaust, Yacoubiyah og al-Qunaya i nord og al-Malnad i nordvest.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Janudiyah eit folketal på 5 295 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i al-Janudiyah nahiyah som består av 13 stader med eit samla folketal på 19 642.[1] Innbyggjarane i byen er hovudsakleg kristne, i følgje Agence France-Presse.[3]

Det finst antikk keramikk i Al-Janudiya som liknar keramikken frå Amuq-området.[4] Geologien på staden er markert av mjuk mergel og kalkstein.[5]

Remove ads

Den syriske borgarkrigen

Under operasjonane til den syriske hæren mot opprørarane i Jisr al-Shughur den 15. juni 2011, vart al-Janudiyah kringsett av syriske soldatar.[6] Den 5. september var det kampar mellom avhoppar frå hæren som flykta mot den nærliggande grensa til Tyrkia og syriske soldatar som gjekk inn i al-Janudiyah.[7] Seinare, den 15. september, vart ein gut drepen av tryggingsstyrkar under ein demonstrasjon, i følgje aktivistar.[2]

Den 4. februar 2012 vart ein opprørar drepen og fire skadde i al-Janudiyah under kampar med syriske tryggingsstyrkar.[8] Fleire kampar i byen følgde 11. mars då tre syriske soldatar og ein sivil mista livet i følgje Syrisk observatorium for menneskerettar.[9] Den 1. april vart ein konvoi med den syriske hæren angripen av avhopparar og fire soldatar drepne og elleve andre soldatar skadde.[10]

Dei første dagane av februar 2013 erobra opprørar al-Janudiyah og nærliggande Yakubiyah.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads