Idlib
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Idlib (arabisk ادلب, òg skrive Edlib eller Idleb) er ein by nordvest i Syria og hovdustaden i Idlib guvernement, 59 km vest for Aleppo. Han ligg nestne 500 meter over havet. I 2004 talde Statistisk sentralbyrå i Syria eit folketal på 98 791 i Idlib. Innbyggjarane er stort sett sunnimuslimar,[2] men det er òg ein større kristen minoritet. Idlib er delt inn i seks bydelar: Ashrafiyeh (den mest folkerike), Hittin, Hejaz, Downtown, Hurriya og al-Qusur.

Idlibområdet er eit stort jordbrukssenter i Syria og er historisk viktig med mange «daudebyar» og menneskelagde tellar. Idlib omfattar den antikke byen Ebla, ein gong hovudstaden i eit mektig kongedøme,[3] den antikke kongedøma Nuhašše og Luhuti som blømde i bronse- og jernalderen.[4]
Remove ads
Historie
Den osmanske tida
Under Det osmanske riket i Syria, mellom 1500- og 1800-talet, var Idlib hovudstad i ein kada («nahiyahhovudstad») og ein del av det større Aleppo vilajet («provinsen Aleppo.»)[5] Byen var eit senter for olivenproduksjon som igjen gav opphav til ein lønsam olivenbasert såpeindustri. Sjølv omde i store marknadane for Idlib-såpe var Aleppo, Antiokia og Hama,[6] vart produktet eksportert så langt som den osmanske hovudstaden Istanbul. Idlib var òg ein storprodusent av bomullsfabrikkar.[7] Den vestlege turisten Josias Leslie Porter skreiv at Idlib var «omslutta av olivenlundar, sjeldan i dette nakne området.» Han skreiv òg at olivelundane var større enn dei i Damaskus, Beirut eller Gaza. Midt på 1800-talet hadde byen eit estimert folketal på 8 000, inkludert 500 kristne.[6] Seint på 1800-talet auka talet på kristne familiar i følgje tyske forfattarar som arbeidde for Karl Baedeker.[5]
Remove ads
Klima
Köppen-Geiger-systemet klassifiserer klimaet her som varmt Middelhavsklima (Csa).[8] Somrane er varme og regnfattige, medan vintrane er regnfulle og kjølige.
Varmerekorden er frå 16. juni 2012 og er på 44 ºC, medan kulderekorden frå 30. november 2011 er -4 ºC.[9]
Remove ads
Økonomi
Hovudnæringa i Idlib er oliven, bomull, kveite og frukt, særleg kirsebær.[3] Andre avlingar er mandelar, sesamfrø, fiken, druer og tomatar.[10] I 1995 var det kring 300 hektar med forskjellige sitrusavlingar.[11] Olivenoljepressing og tekstilar er somme av dei lokale industriane i byen.[10] Den nærliggande byen Aleppo har vore økonomisk viktig for Idlib.[3]
Idlib regionsmusem i byen har over 17 000 Ebla-tavler og er hovudattraksjonen i Idlib, om ein ser bort frå sjølve antikkbyen Ebla. Ved hjelp fra Italia starta eit prosjekt i 2010 for å restaurere og renovere museet.[12]
Idrett
Omayya Idlib, grunnlagd i 1972, er den mest populære fotballklubben i byen. Klubben spelte i den øvste divisjonen i Syria i 2011-2012. Idlib stadion er den største fotballstadionen i byen.
Galleri
- Austromersk tempel i Ruweiha nær Idlib
- Armanaz, nær Idlib
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads