Al-Mukharram
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Al-Mukharram (arabisk المخرم), òg kalla Mukharram al-Fawqani (arabisk المخرم الفوقاني eller Makhem Fuqani) er ein liten by sentralt i Syria, hovudstaden i al-Mukharram-distriktet i Homs guvernement, 45 kilometer nordaust for Homs. Av stader i nærleiken finn ein Umm al-Amad, Ayn al-Niser og al-Mishirfeh i vest, al-Mukharram al-Tahtani i nordaust, Salamiyah i nord, Barri Sharqi i nordaust, Jubb al-Jarrah og Masudiyah i aust, Furqlus i sør og al-Haraki i sørvest.
I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Mukharram eit folketal på 6 202 i 2004. Han er det administrative senteret og den største staden i al-Mukharram nahiyah («underdistrikt») som består av 30 stader med eit samla folketal på 32 447 i 2004.[1] Innbyggjarar i al-Mukharram og stadane i distriktet er hovudsakleg alawittar,[2] særleg frå Khayyatin-folket.[3][4]
Remove ads
Historie
I 1838 vart al-Mukharram klassifisert som ein khirba («ruinert» eller «fråflytta» landsby) i distriktet Salamiyah.[5] Den moderne byen vart grunnlagd i 1882, seint under osmansk styre, men innbyggjarane levde eit hardt liv i det halvtørre området. Al-Mukharram er spreidd over eit stort område i Den syriske ørkenen og hovudnæringa er dyrking av oliven og mandlar.[6] Sidan 2010 har det blitt halde ein årleg Mandel-festival[7]
I 1960 var al-Mukharram framleis ein fattig landsby busett av alawittar som arbeidde for landeigarar frå Homs. Under desse tilhøva gav den syriske hæren dei eit attraktivt alternativ som kunne betre tilhøva deira.[2] Forskjellige folk frå byen fekk høge stillingar i det syriske forsvaret og tryggleiksapparatet, inkludert Muhammed Umran som var tidlegare forsvarsminister (tidleg 1966).[8] Faren hans hadde vore ein religiøs shaykh og ein lokal leiar i byen. Andre kjende syrarar frå al-Mukharram er Ahmed Said Salih, sjef for det politiske tryggleiksapparatet (1970-1987) og så vara for innanriksminsiteren, Adnan Badr Hassan som tok over stillinga til Salih (1987-2002),[9] og Abd al-Karim al-Razzuq som seint i 1970-åra var kommandant for missil-korpset og luftforsvarsstyrkane.[10]
I 1968 vart al-Mukharram hovudstad i distriktet med same namn, og overtok denne posisjonen etter Jubb al-Jarrah.[6] Sjølv om folketalet i landsbyen berre var 2 170 i 1970, langt under kravet styresmaktene hadde sett for å verte distriktssenter, gjorde det nære forholdet mellom innbyggjarane og tryggleiksapparatet at al-Mukharram fekk den rolla han no har.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads