Furqlus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Furqlus (arabisk الفرقلس, Furglus eller Furklus) er ein by sentralt i Syria i Homs guvernement, aust for byen Homs. Han ligg ved Den syriske ørkenen i aust mellom al-Qaryatayn i sør, Sadad i sørvest, Shinshar i vest, Fatim al-Amuq og al-Sayyid i nordvest, al-Mukharram i nord og Palmyra i aust. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS), hadde Furqlus eit folketal på 5 096 i 2004.[1]
Remove ads
Historie
Tidleg historie og namn
I bysantinsk tid i Syria, vart Furqlus kalla «Betproklis» eller «Betroklos,» som var greske translitterasjonar av det originale semittiske namnet «Beth Forklos».[2] Det latinske namnet var «Proclus».[3] Arabiseringa av den siste delen av det greske namnet var «Furqlus».[4]
Eit bysantinsk dokument seint frå 400-talet, Notitia Dignitatum, oppførte Betroklos som ein av to stader i Syria der regulære arabiske hæreiningar var stasjonært i ein provins i Fønikia. Sjølv om dei ikkje var oppført som foederati, må dei ha utmerkt seg sidan dei var oppført i Notitia Dignitatum.[5]
På 400-talet evt. var byen kontrollert av anten salihidane eller tanukhidane.[6] På 500-talet fekk ghassanidane makta i regionen som vasallar under Austromarriket.[7]
På 1200-talet vitja den syrisk geografen Yaqut al-Hamawi Furqlus i 1226, under Ajjubide-dynastiet. Han skreiv at det var «ei kjelde nær Salamiyah i Syria. Namnet er utanlands, ikkje arabisk».[8]
Den osmanske tida
I 1838 vart Furqlus klassifisert som ein forlaten landsby av den engelske forskaren Eli Smith.[9] Seint på 1800-talet vart Furqlus, som då var busett att, råka av eit stort beduin-raid,[10] noko som var vanleg i byen som var kringsett av beduinleirar.[11] I følgje turisten John Kelman tok beduinane alle avlingane i byen og «tømde husa ... alle ting av messing som dei kunne ta med seg.» Innbyggjarane vart derfor fattige og trøytte av dei mange raida. Dei reiste igjen i frå Furqlus fram til den osmanske regjeringa i Istanbul oppretta ein større kavalerigarnison der for den osmanske hæren. Innbyggjarane i byen måtte betale ekstra skattar for det statlege vernet, noko som reduserte raida til beduinane, sjølv om dei stadig heldt fram å prøve seg.[10]
Hustypane i Furqlus vart i denne tida kalla «bikubar.» I staden for vanlege hus med falte tak, slik ein fann over det emste av Osmansk Syria, vart bikubehusa toppa med kvite, høge kuplar som enda i ein spiss som var meint å verne innbyggjarane mot regnskadar.[12] Furqlus vart styrt av ei rekkje arabiske sjeikar som leia kvar sin eigen klan.[13]
Moderne tid
Dei syriske styresmaktene byrja i lag med styresmaktene i Iran, Venezuela og al-Bukhari-gruppa i Malaysia å byggje eit oljeraffineri i al-Furqlus i 2009. Den estimerte kostnaden til prosjektet var tre milliardar dollar og verket skulle ha ein kapasitet på å raffinere 140 000 tønner kvar dag.[14]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads