Al Jardine
amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alan Charles «Al» Jardine (fødd 3. september 1942 i Lima i Ohio) er eit av medlemmane som starta det amerikanske bandet The Beach Boys. Han var ein av gitaristane deira og song stundom solovokal. I lag med resten av bandet vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1988.
Jardine trefte og vart ven med Brian Wilson på vidaregåande skule. I lag med brørne til Brian Wilson, Dennis og Carl, og syskenbornet deira Mike Love var han med på å starte bandet i 1961. Han spelte bass på den første innspelinga til Beach Boys, «Surfin'» i 1961. Han slutta like etter for å studere på tannlækjarstudiet. Han kom tilbake til bandet i 1963.
Jardine syng solovokal på songar som «Help Me Rhonda», «Then I Kissed Her» og «Transcendental Meditation», og har òg vore medlåtskrivar på fleire av songane deira.
I 2008 kom det første albumet hans, A Postcard from California, der han har med gjesteartistar som Neil Young, Steve Miller, Brian Wilson, David Marks, Glen Campbell, Gerry Beckley, Stephen Stills og David Crosby.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Al Jardine» frå Wikipedia på svensk, den 26. juli 2009.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads