Albert Abraham Michelson

polsk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Albert Abraham Michelson
Remove ads

Albert Abraham Michelson (19. desember 18529. mai 1931) var ein amerikansk fysikar fødd i dåverande Strelno i Preussen (no Strzelno i Polen)

Kjappe fakta

Han vart utdanna i marinen og var instruktør ved US Naval Academy før han vart tilknytt Nautical Almanac Office til 1883. Tidleg i 1880-åra studerte han ved universiteta i Berlin, Heidelberg og Paris og vart professor i fysikk i Cleveland i Ohio i 1883, i Worcester i Massachusetts i 1890 og ved det nye Chicago University frå 1892. I 1925 slutta han som professor for å arbeide ved Mount Wilson Observatory i Pasadena. Medan han var i Berlin klarte Michelson å måle lyssnøggleiken særs nøyaktig. I 1881 fann han opp eit interferometer og nytta dette i eit forsøk der han viste at lyssnøggleiken målt i forhold til jorda var uavhengig av snøggleiken til jorda.

Han fekk i oppdrag av Den internasjonale komiteen for mål og vekt i å avgjere lengda av den internasonale meterprototypen i Paris i forhold til bølgjelengda av lys frå kadmium. I 1920 fann han ved hjelp av instrumenta sine diameteren til stjerna Betelgeuse, noko han var den første til å klare nøyaktig.

I 1907 fekk han Nobelprisen i fysikk for dei optiske presisjonsinstrumenta sine og dei meteorologiske undersøkingane som vart utført ved hjelp av desse. I 1911 vart han aresdoktor ved Universitetet i Oslo.

Remove ads

Prisar (utval)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads