Albert I av Monaco
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Albert I av Monaco (13. november 1848–26. juni 1922) var fyrste av Monaco frå 10. september 1889 til han døydde. Han var son av fyrste Karl III av Monaco. Albert I var gift to gonger. Den første kona hans var Mary Douglas-Hamilton, dotterdotter til storhertug Karl av Baden, som var bror med dronning Fredrika av Sverige. Den andre kona hans var Antoinette de Mérode-Westerloo.
Albert utdanna seg til havforskar og deltok i fleire forskingsekspedisjonar på 1870-talet. Albert finansierte og organiserte fire oseanografiske ekspedisjonar til farvatna rundt Svalbard, mellom anna i lag med Gunnar Isachsen til det nordvestlege Spitsbergen 1906–07, som Albert 1 finansierte. Han oppretta det oseanografiske institutt i Paris og eit oseanografisk og eit prehistorisk museum i Monaco.
Albert I hadde berre eitt barn, Ludvig II av Monaco.
Den 30. mars 1875 vart han tildelt St. Olavs Orden.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Albert I av Monaco» frå Wikipedia på bokmål, den 5. september 2011.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads