Albitt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Albitt
Remove ads

Albitt er eit mineral i feltspatgruppa.[4] Det er endeleddet i plagioklas-serien med mindre enn 10 % anortitt. Kjemisk formel for albitt er NaAlSi3O8. Det er eit nettverkssilikat.

Kjappe fakta Generelt, Kategori ...

Albitt krystalliserar med trikliniske pinakoidale former. Spesifikk gravitet er 2,62 og hardleik 6. Albitt dannar nesten alltid tvillingar som ein ofte kan sjå som tynne parallelle striper på krystalloverflata. Albitt opptrer ofte som fine parallelle striper som alternerer med rosa mikroklin i perthitt, som følgje av utfelling av smeltemasse ved avkjøling.

Albitt finst i granitt og pegmatitt samt i enkelte hydrotermale sprekker.

Albitt vart først skildra i 1815 for ein førekomst i Sverige. Namnet er frå latin, albus for den typiske kvite fargen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads