Aldebaran (α Tau, α Tauri, Alfa Tauri) er ei oransje kjempestjerne som ligg 65 lysår borte frå jorda i stjernebiletetTyren. Med ein tilsynelatande storleik på 0,87 er ho ei av dei klåraste stjernene i stjernebilete og på nattehimmelen. Namnet Aldebaran er arabisk og tyder «følgjaren», truleg fordi ho verkar å følgje Pleiadane eller Sjustjerna.[3]
Stjerna er lett å finne på nattehimmelen. Om ein følgjer dei tre stjernene i Orions belte frå venstre til høgre (på den nordlege halvkula), så er Aldebaran den første klåre stjerna om ein følgjer denne linja.