Alderamin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alderamin (Alfa Cephei, α Cep, α Cephei) er den lyssterkaste stjerna i stjernebiletet Kefeus, nær nordpolen. Ho har kvit farge. Stjerna er relativt nær jorda, berre 49 lysår. Namnet Alderamin, er arabisk og tyder «den høgre armen».
Med ein deklinasjon på meir enn 62 grader nord, er Alderamin stort sett synleg på den nordlege halvkula, men ein kan sjå stjerna så langt sør som 27 ºS. Stjerna er cirkumpolar i heile Europa, det nordlege Asia, Canada og amerikanske byar så langt sør som San Diego. Sidan Alderamin har ein tilsynelatande storleik på kring 2,5, er ho lett å få auge på, sjølv i lysforureina byar.
Alderamin er ei kvit klasse A-stjerne, som utviklar seg bort frå hovudserien til ei subkjempe, truleg på veg til å bli ei raud kjempe.
Alderamin har ein radius som er 2,4 gonger solradien med ein masse som er 1,74 gonger sola si.[5]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads