Danmark-Noreg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Danmark-Noreg var ein personialunion mellom kongeriket Danmark og kongeriket Noreg som også omfatta Island, Grønland og Færøyane. I tida frå 1387 til 1814 var desse kongerika styrte av éin sams konge. Særleg vert Danmark-Noreg nytta som ei nemning på rika i tida etter reformasjonen i 1537, eller frå 1523, då Kalmarunionen braut saman. Etter reformasjonen i 1537 var ikkje noko eige norsk riksråd til, og kongen fekk meir makt.
Nemninga «Kongeriket Danmark» vert av og til nytta om området som dei oldenburgske kongane rådde over etter 1536. Hertugdøma Slesvig og Holstein hadde kongane herredøme over som hertug. Dei vart ikkje rekna med i kongeriket Danmark.
Tida under Danmark vert gjerne kalla dansketida i Noreg, og var dei fyrste 434 år av unionstida. På 1800-talet vart tidsrommet omtala som «400-års-natta».
Remove ads
Namn
Omgrepet Danmark-Noreg (og dansketida) er berre brukt i moderne tid. I samtida blei heilstaten omtalt som Danmark, den danske krona (kron zu Dennemarck) eller Tvillingrigerne.[3]
Historie
- Tidsline
- 1536-1537. Reformasjonen i Danmark-Noreg.
- I 1645 gjekk Jemtland, Herjedalen, Gotland og Ösel til Sverige (frå Noreg) som følge av Freden i Brömsebro.
- I 1658 gjekk Trondhjems len, Skåne, Blekinge, Halland, Bohuslän, og Bornholm, til Sverige som følge av Freden i Roskilde.
- 1660. Freden i København - Trondhjems len og Bornholm attende frå Sverige.
- 1660 - Innføring av einevelde i Danmark-Noreg.
- 1814 - Kieltraktaten. Noreg blei overført til union med Sverige.
Remove ads
Administrasjon
Administrativ inndeling
Forvaltingsområda hadde nemningane len og syssel.
Amt var frå 19. februar 1662 eit namn på forvaltingsområda i Danmark og dei i notidas Noreg .
Koloniar
Sankt Thomas i det karibiske havet blei erobra av Danmark-Noreg i 1666, og frå 1672 hadde styresmaktene kontroll over øya gjennom Vestindisk-guineisk Kompagni. Dansk-norsk slavehandel tok til i 1673.[4]
Frå Danmark-Noreg starta kolonitida si til transatlantisk slavehandel blei forbode den 1. januar 1803 skal det ut frå rekneskap ført på norske og danske skip ha blitt frakta rundt 85 000 personar frå Afrika som slavar til St. Thomas, St. Jan og St. Croix.[4]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads