Aleksandr Litvinenko
russisk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aleksandr Valterovitsj Litvinenko (4. desember 1962–23. november 2006) var ein russisk tidlegare tilsett i den russiske tryggingstenesta FSB og seinare systemkritikar busett i Storbritannia. Han er kjend for å ha blitt forgifta med ein dødeleg dose radioaktivt polonium.
Remove ads
Litvinenko hoppa av til Storbritannia i 2000, der han fekk politisk asyl. Han blei britisk statsborgar i oktober 2006. Han markerte seg som ein skarp kritikar av presidenten i Russland, Vladimir Putin, og av FSB, som han kalla ein røvarorganisasjon. I boka Blowing up Russia frå 2002 skulda han tryggingstenesta for å ha sprengt fleire bustadblokker.
Remove ads
Forgifting
Avisa The Sunday Times rapporterte 19. november 2006 at Litvinenko var blitt forgifta og kjempa for livet på eit sjukehus i London med store mengder av tungmetallet thallium i kroppen. Seinare kom det fram at han blei forgifta av polonium-210.
Før han døydde skreiv Litvinenko eit brev der han skulda Russland sin president Vladimir Putin for å ha gitt ordre om å forgifte han.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads