Nildeltaet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nildeltaet
Remove ads
Remove ads

Nildeltaet er eit breitt elvedelta som ligg nord i Egypt, der Nilen spreier seg før ho renn ut i Middelhavet. Deltaet er eitt av dei største i verda. Det strekker seg frå Alexandria i vest til Port Said i aust, og utgjer over 230 km av middelhavskysten. Lengda frå Middelhavet i nord til sørenden nord for Kairo er rundt 160 km Deltaet sett ovanfrå er bogeform, som ein trekant eller ei vifte. Det er eit rikt jordbruksområde med tett folkesetnad.

Thumb
Satellittbilde av Nildeltaet (foto:NASA).

Nildeltaet har eit subtropisk klima med svært lite regn. Gjennomsnittleg årleg nedbør er 100-200 mm, der mesteparten fell i vintermånadene. Vintertemperaturen ligg vanlegvis mellom 5 °C og 10 °C. Temperaturkurva i juli-august når gjennomsnittleg 30 °C, men er målt opp til 48 °C.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads