Alexis Korner
britisk songar og musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alexis Korner (19. april 1928–1. januar 1984), fødd Alexis Andrew Nicholas Koerner, var ein pioner innan blues og ein radio-DJ som stundom har vorte kalla Grunnleggjaren av britisk blues. Han hadde ein stor påverknad på det britiske musikkmijøet i 1960-åra[1] og oppretta kontakt mellom fleire engelske bluesmusikarar. Han var den personen som kanskje meir enn andre danna grunnlaget for markante blues- og bluesrock-artistar som The Rolling Stones, Eric Clapton og John Mayall.
Alexis Korner spelte i 1970-åra saman med den danske bluesmusikaren Peter Thorup, som han henta til England. Dei danna bigbandet C.C.S., ei forkorting for The Collective Consciousness Society, som gav ut fleire singlar produsert av Mickie Most, mellom anna ei utgåve av Led Zeppelin sin «Whole Lotta Love», som i fleire år vart nytta som kjenningsmelodi for Top Of The Pops på BBC. Det var i denne perioden Alexis Korner hadde den største kommersielle suksessen sin i England.
Remove ads
Diskografi
- Ken Colyer's Skiffle Group: Back to the Delta (Decca, 1954)
- Alexis Korner's Breakdown Group Featuring Cyril Davis (77, 1957)
- Alexis Korner Skiffle Group: Blues from the Roundhouse Vol. 1 (Tempo, 1957) - EP
- Alexis Korner's Blues Incorporated: Blues from the Roundhouse Vol. 2 (Tempo, 1958) - EP
- R&B from the Marquee (Decca, 1962)
- Alexis Korner's Blues Incorporated (Decca, 1963)
- At the Cavern (Oriole, 1964)
- Red Hot From Alex (Transatlantic, 1964)
- Sky High (Spot, 1966)
- I Wonder Who (Fontana, 1967)
- A New Generation of Blues (Liberty, 1968)
- Both Sides (Metronome, 1970) - berre Tyskland
- Alexis Korner (Rak, 1971)
- Bootleg Him (Rak, 1972)
- Accidentally Born in New Orleans (Transatlantic, 1972)
- Live On Tour in Germany (Brain, 1973) - berre Tyskland
- Alexis Korner (Polydor, 1974) - berre Tyskland
- Get Off Of My Cloud (CBS, 1975)
- Live in Paris (1976)
- Just Easy (1978)
- The Party album (1979)
- Me (1980)
- Juvenile Delinquent (1984)
- Testament (1985)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads