Alive av Vincent Bueno
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Alive» ('levande' eller 'i live') er ein song fra 2020 som vert framført av den austerrikske musikeren Vincent Bueno. Songen vart utgjeven 5. mars 2020 og skulle ha vore det austerrikske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]
Remove ads
Om songen
«Alive» vert framført av Bueno og vart vald internt av den austerrikske kringkastaren ORF til å representere Austerrike i Eurovision Song Contest. Artisten og tittelen på låten vart presentert av ORF i desember 2019, men «Alive» vart først sloppen 5. mars 2020.[2] Songen er ein uptempo-låt og vart bygd opp av personlege emneknaggar som #vincentbueno, #alive, #fireshots og #hiddenheroes.[3][4]
«Alive» handlar om å verta levande og fri ved å frigjera seg frå sitt eige ego.[5]
Remove ads
Eurovision Song Contest
I januar 2020 vart Austerrike trekt til å delta i fyrste halvdel av den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 14. mai.[6] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[7] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Remove ads
Musikkvideo
Ein musikkvideo til songen vart produsert av ATTIC Film på vegne av ORF-Enterprise Musikverlag i Wien. Musikkvideoen vart sloppen same dag som songen.[5]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads