All the Young Dudes av Mott the Hoople
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
All the Young Dudes er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Mott the Hoople, gjeve ut i 1972. Det var det første albumet deira for CBS Records (Columbia Records i USA og Canada), etter tre år på Island Records i Storbritannia og Atlantic Records i Amerika.
Remove ads
Bakgrunn og mottaking
All the Young Dudes vart vendepunktet for det britiske bandet, som til då hadde strevd med å slå gjennom. Mott the Hoople var på randen var å gje seg då David Bowie kom inn og gav dei songen «All the Young Dudes». Bowie produserte òg albumet, som tok Mott «frå potensielt utdatert til å bli avatarar for glamrockrørsla».[5] Ei ommastra og utvida utgåve av albumet kom ut på Sony BMG i Storbritannia og USA den 21. februar 2006.
Tittelsporet, «All the Young Dudes», kom ut på singel før albumet og gjekk inn på salslistene verda over, og vart «den ultimate glitterbarn-anthem i 1970-åra».[6] «Sweet Jane», ein versjon av Velvet Underground-songen frå albumet deira Loaded, kom ut på singel i Canada, Nederland, Portugal, Spania og USA, men ikkje i heimlandet i Storbritannia. «One of the Boys», opphavleg B-side til «All the Young Dudes», kom òg ut på Nord-Amerika og det kontinentale Europa.
I 2003 vart albumet rangert på 491. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. I 2012 var albumet fltta til 484. plassen på lista med omtalen «Mott høyrest stundom meir soul-aktig ut, men aldri meir sexy eller glitteraktig.»[7]
«Ready for Love» vart omarbeidd av det seinare bandet til Mick Ralphs, Bad Company, på det sjølvoppkalla debutalbumet deira. «Soft Ground» vart skriven av organisten Verden Allen og, utanom albumet deira frå 2013, var dette einaste gongen han song solovokal for Mott the Hoople.
Remove ads
Kontrovers kring innspelinga
Det har vorte spekulert i mange år at sjølv om All the Young Dudes vart gjeve ut på CBS/Columbia Records, så kan Mott the Hoople ha spelt inn delar av eller heile albumet medan dei framleis hadde kontrakt med det førre selskapet sitt, Island Records – og om det skulle vise seg å vere sant hadde Island hatt rettane til innspelingane. Spekulasjonane vart forsterka i 2006 då den ommastra utgåva av All the Young Dudes kom ut med fleire bonusspor. Produksjonen på eit av bonusspora, «Black Scorpio» (ei tidleg utgåve av «Momma's Little Jewel»), er tilskriven den faste produsenten til Island, Muff Winwood, noko som indikerer at songen i det minste byrja medan Mott framleis var hos Island.[8]
Remove ads
Innhald
Medverkande
Mott the Hoople
- Ian Hunter – solovokal, gitar, piano
- Mick Ralphs – sologitar, korvokal, solovokal på «Ready For Love / After Lights»
- Pete Overend Watts – bassgitar, korvokal
- Dale «Buffin» Griffin – trommer, perkusjon, korvokal
- Verden Allen – orgel, korvokal, solovokal på «Soft Ground»
Andre medverkande
- Ariel Bender – gitar, vokal på bonusspora 6, 7
- Mick Bolton – orgel på bonusspor 7
- David Bowie – saksofon, korvokal, vokal på bonusspor 5
- Morgan Fisher – orgel, Mellotron på bonusspor 3; piano, synthesizer, vokal på bonusspora 6, 7
- Ray Majors – slidegitar på bonusspor 2
- Mick Ronson – strykeinstrument, blåsarar, arrangement på «Sea Diver»
- Buddy Bauerle – panfløyte
- Mike Walls – Hammond B3-orgel
- Jeff Hanover – vibraslap
Teknisk
- David Bowie – produsent
- David Hentschel, Keith Harwood, Ted Sharp – lydteknikar
- George Underwood – plateomslaget
- Mick Rock – konsept for plateomslaget, kunstnarisk leiar, fotografi
Remove ads
Salslister
Album
Single
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads