Allar Levandi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Allar Levandi
Remove ads

Allar Levandi (fødd 28. desember 1965) er ein tidlegare estisk kombinertløpar som fyrst representerte Sovjetunionen og seinare Estland. Han oppnådde dei fremste resultata sine på slutten av 1980-åra og byrjinga av 1990-åra, medan han framleis representerte Sovjetunionen.

Kjappe fakta

Han deltok tre gonger i OL, i 1988 for Sovjetunionen, og deretter for Estland i 1992 og 1994. Under OL i 1988 i Calgary tok han bronse individuelt, og dette var høgdepunktet i karrieren hans.

Året før hadde han saman med Sergej Tsjervjakov og Andrej Dundukov teke bronse i lagkonkurransen for Sovjetunionen under VM i 1987 i Oberstdorf. Han gjekk for det estiske laget som enda på fjerdeplass under OL på Lillehammer i 1994.

I verdscupen vart Levandi nummer to samanlagt i sesongen 1989/90.

Allar Levandi er gift med den tidlegare sovjetiske kunstløparen Anna Kondrasjova.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads