Allioideae
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Allioideae er ein underfamilie i påskeliljefamilien (Amaryllidaceae). Gruppa blei tidlegare rekna som ein eigen familie, Alliaceae, med norsk namn «laukfamilien».
Artane i gruppa er fleirårige urter med mellomstore, undersitjande blomar som sit i ein skjerm. Mange av artane har ei sterk lauklukt som kjem av at dei inneheld svovelsamband. Fleire arter i laukslekta (Allium) er viktige grønsaker. Både plantar i laukslekta og nokre andre, som Nothoscordum, Leucocoryne og Ipheion uniflorum, blir dyrka som prydplantar i hagar.
Remove ads
Delgrupper
Allioideae omfattar rundt 950 artar som er fordelte på 17 slekter og 4 stammar. Dei 4 stammane er:
- Allieae omfattar berre laukslekta (Allium) med 800–850 artar, om ein inkluderer Caloscordum, Milula og Nectaroscordum i Allium. Desse plantane har lauk og er utbreidde på den nordlege halvkula og i Sør-Afrika.
- Gilliesiea omfattar 9 slekter med omtrent 20 artar i Sør-Amerika.
- Leucocoryneae omfattar 6 slekter med omtrent 60 artar i Sør- og Mellom-Amerika, Mexico og sørlege USA.
- Tulbaghieae omfattar berre slekta Tulbaghia med 22 arter i sørlege Afrika. Desse plantane har jordstengel.
Remove ads
Kjelder
- «Allioideae». APWEbsite. Henta 5. november 2016.
- M.W. Chase, J.L. Reveal og M.F. Fay (2009). «A subfamilial classification for the expanded asparagalean families Amaryllidaceae, Asparagaceae and Xanthorrhoeaceae». Botanical Journal of the Linnean Society 161 (2): 132–136. ISSN 1095-8339. doi:10.1111/j.1095-8339.2009.00999.x.
- Denne artikkelen bygger på «Allioideae» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juli 2021.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads