Almagest
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Almagest er hovudverket til astronomen Klaudios Ptolemaios frå Alexandria frå 100-talet og den viktigaste kjelda til kunnskapen vår om astronomisk forsking i antikken. Tittelen kjem frå arabarane, som oversette verket i 827. Det opphavlege greske namn var Megále syntaxis (Det store systemet), megále vart seinare til megíste (største) som, med den arabiske artikkelen føre vart forvanska til Al mágisti. Verket består av i alt 12 bøker som omhandlar forskjellige tema.

Verket handlar om den tilsynelatande rørsla til stjernene og planetane og var akseptert i meir enn tolv hundre år fram til Kopernikus.
Remove ads
Kosmologien i Almagest består av fem hovudpunkt, kvart av dei er eit eige kapittel i Bok 1.
- Himmelen er sfærisk og flyttar seg som ein sfære.
- Jorda er ein sfære.
- Jorda er i sentrum av kosmos.
- Jorda, i forhold til fiksstjerner, har ikkje noko storleik og må handsamast som eit matematisk punkt.[1]
- Jorda flyttar seg ikkje.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads