Almog
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Almog (hebraisk skrift אַלְמוֹג, tyder Korall) er ei israelsk busetjing og ein kibbutz nær nordvestbreidda av Daudehavet i Jordandalen på den okkuperte Vestbreidda. Han er underlagt Megilot regionale kommune. I 2008 budde det 23 familiar i Almog. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]
Han vart først oppretta som ei Nahal-busetjing i 1977, og vart ein kibbutz i 1979. Han vart kalla opp etter Yehuda Kopolevitz Almog, ein pioner i den tredje Aliyah som grunnla kaliumgruveindustrien ved Dead Sea Works i Sodom.[3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads