Along Came Jones
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Along Came Jones» er ein komisk song skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller og spelt inn av The Coasters,[1] men sidan spelt inn av mange andre band og artistar.
Remove ads
Songen
Songen vert fortalt ut frå ein kar som ser på fjernsyn om samspelet mellom ein revolvermann («Jones»), ein banditt («Salty Sam») og ein rancheigar («Sweet Sue») i eit fjernsynsshow. Salty Sam bortfører Sue og ho hamnar i forskjellige farar som Jones måredde ho frå.[1]
Tenorsaksofonen på songen er spelt av King Curtis.
Andre versjonar
The Righteous Brothers spelte inn songen på albumet deira Sayin' Something (1967).[2] Ein versjon av popartisten Ray Stevens i 1969 nådde 27. plassen på Billboard Hot 100.[3]
Micky Dolenz og Davy Jones (frå The Monkees) spelte inn ein versjon med Monkees-låtskrivarane Tommy Boyce og Bobby Hart på albumet Dolenz, Jones, Boyce & Hart i 1976.[4]
Den franske songaren Henri Salvador spelte inn songen på fransk, men med ein annan tekst og ein barne-TV-helt i rolla: «Zorro est arrivé» (1964).[5]
Songen er nemnt i songen «Million Dollar Bash» av Bob Dylan.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads