Charlie Brown av The Coasters
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Charlie Brown» er ein song skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller og spelt inn av The Coasters våren 1959.[1] Songen nådde andreplassen på Billboard Hot 100, og var den første av tre topp 10-hittar som The Coasters hadde det året. Songen er mest kjend for linja «Why's everybody always pickin' on me?»
I følgje Jerry Leiber «Etter 'Yakety Yak', trudde eg me kunne skrive alle Coasters-songane på ti minutt. Men der tok eg feil, gitt! Då me prøvde å skrive ein oppfølgjar, hadde Mike mange musikalske idear, men eg stod fast. Etter nesten ei veke i smerte, kom eit enkelt namn i tankane. 'Charlie Brown.' Så, 'He's a clown, that Charlie Brown.' Mike hadde alt ein melodi på plass. Han hjelpte meg med soga og brått kom ein karakter, spelt av Dub Jones, ut på scenen.»[2]
Mot slutten av mellomspelet i songen vart orda «Yeah, You!» spelt inn på halv snøgglei, slika t stemmene vart spelt attende i ein høgare tone. King Curtis spelar tenorsaksofon under instrumentalen og uttoninga av songen.
Den mest kjende versjonen av sngen er i mono, men ein stereoversjon (med ein litt anna vokal) kom ut på albumet Atlantic History of Rhythm & Blues, Vol. 4, i lag med fleire andre sjeldne stereoversjonar av hittar for Atlantic mot slutten av 1950-åra.
Det er spelt inn over 80 versjonar av songen, mellom anna av den britiske komikaren Bernard Bresslaw og ein tyskspråkleg versjon (som «Charly Brown») av Hans Blum, begge i 1959. Deep River Boys med Mikkel Flagstad sitt orkester spelte inn ein versjon i Oslo den 25. august 1960. Denne kom ut på EP-en En aften på «Casino Non Stop» 1960 (HMV 7EGN 36). Dr. Lonnie Smith spelte ein lengre instrumental versjon på konsertalbumet Move Your Hand i 1969. Guy Mitchell gav ut ein versjon av songen.[3] I 1995 vart songen spelt inn i ein ska-punkversjon av Voodoo Glow Skulls på albumet deira Firme.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads