Always on the Run
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Always on the Run» (norsk omsetjing ‘alltid på rømmen’) er ein song frå 2024 av den tyske artisten Isaak. Songen vann Eurovision Song Contest – Das deutsche Finale 2024 og var det tyske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
Remove ads
Om songen
«Always on the Run» er skriven og komponert av Isaak Guderian, Kevin Lehr, Leo Jupiter og Greg Taro.
«Always on the Run» var eit av ni bidrag som deltok i den tyske songtevlinga Eurovision Song Contest – Das deutsche Finale 2024, arrangert av kringkastaren ARD i samarbeid med Norddeutscher Rundfunk (NDR).[2] Songen vann finalen 16. februar 2024, etter å ha fått flest poeng frå juryane og sjåarane.[3][4] Som vinnar av den tyske songtevlinga blei «Always on the Run» det tyske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[5][6] Som eit av «dei fem store landa» var Tyskland direktekvalifisert til finalen laurdag 11. mai. I finalen enda han på 12. plass med 117 poeng.[7][8]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads