Amarkantak
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Amarkantak (NLK Amarakaṇṭaka) er ein pilgrimstad og ein kommune (nagar panchayat) i Anuppur i Madhya Pradesh i India. Amarkantak-regionen er eit unikt naturarvområde og er møtepunkt for fjellkjedene Vindhya og Satpura, med Maikalåsane som hovudpunktet. Narmada-elva, Son-elva og Johilla-elva (ei bielv til Son) har utspring her.
Etter tradisjonen mediterte den indiske mystikaren og diktaren Kabir frå 1400-talet på Kabir Chabutra i Amarkantak. Denne staden blir òg kalla plattforma til Kabir.[1]
Remove ads
Namn
Amarakantaka er ein kombinasjon av to sanskritor: Amara (udøyeleg) og kantaka (‘hinder’ eller ‘torn’). Diktaren Kalidas omtalte staden som Amarakuta, som seinare blei til Amarakantaka.[2]
Plassering

Amarkantak ligg i den indiske delstaten Madhya Pradesh på 22.67°N 81.75°E 22.67°N 81.75°E. Han har ei gjennomsnittleg høgd på 1048 m. Han er knytt til vegnettet gjennom vegar som går gjennom Rewa, Shahdol, Anuppur, Jabalpur, Katni, Bilaspur og Gaurella. Dei næraste jernbanestasjonane er Pendra Road og Anuppur. Den nærmeste flyplassen er Bilaspur lufthamn, 12 mil unna.[3][4]
Remove ads
Folkesetnad
Ved folketeljinga i India i 2011 hadde Amarkantak 8416 innbyggjarar, der 4.514 var menn og 3.902 kvinner.[5] Lesekunna i Amarkantak er 80,20%, høgare enn gjennomsnittet i staten på 69,32%. Lesekunna blant menn er rundt 88 % og blant kvinner rundt 71 %. 95,51 % av innbyggjarane er hinduar.[5][5]
Religiøs tyding

Amarkantak har tilnamnet «kongen av valfart», eller Tirthraj, fordi byen har mange tempel og heilage stadar.[6][7] Det blir sagt i hinduskrifter som Puranaene at Amarkantak er staden der himmelske vesen, vismenn og andre fekk åndelege evne.[7]
- Oldtidstempel frå Kalachuri-tida, også kjende som Trimukhi-tempel, ligg sør for Narmada Kund, like bak han.[8] Dei blei bygde av Kalachuri-maharadjaen Karnadeva (1041-1073 e.Kr.).)[6]
- Sarvodaya djaintempel
- Shri Yantra Mandir i Amarkantak er forma som ein Maha Meru, ein tredimensjonal representasjon av Shri Yatra eller Shri Chakra. Dette tempelet ligg på det heilage landet som blir rekna som opphavet til den heilage Narmada-elva.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads