Narmada

From Wikipedia, the free encyclopedia

Narmada
Remove ads

Narmada er ei elv i sentrale India, og dannar saman med Tapti ei av grensene mellom Gangessletta i Nord-India og Deccanplatået i Sør-India. Ho er ei viktig heilag elv for hinduar.

Kjappe fakta Land, Lengd ...

Narmada er rundt 1 289 km lang og renn frå aust til vest. Ho er den største vestlegrennande elva i India.[1] Elva har utspring nær toppen av Amarkantak nord i delstaten Madhya Pradesh, ved møtestaden for Vindhya- og Satpurakjeda. Ho renn vestover nesten parallelt med Tapti, mellom Satpurafjella og Vindhyafjella. I Khambhat-bukta nedanfor Surat dannar ho saman med Tapti eit breitt estuar.

I elva lever mellom anna sumpkrokodille[1] og ulike typar karpefisk, mallefisk, Channa, Mastacembelus og Notopterus notopterus.[2]

Remove ads

Religiøs tyding

Soger om elva seier at guden Sjiva kalla Narmada ned frå himmelen eller at ho sprang frå kroppen hans medan han dansa den kosmiske dansen.[1] Ifølgje tradisjonen må sjølv den heilage elvegudinna Ganga, i form av ei svart ku, vaska seg rein og kvit i Narmada ein gong i året.[3]

Thumb
Maheshwar festning.

Å sjå Narmada skal reinsa ein hindu frå alle synder.[3] Det finst ei rekkje valfartsstader ved elva. Mahewswar og Omkareshwar er dei viktigaste.[1] I tillegg finst ein tradisjon for å valfarta rundt heile elva, narmadāparikramā.[4] Denne ferda er 260 mil lang og blir utført til fots, med få eigedelar, lite mat og utan pengar. Ein kan byrja og slutta på kva stad, men må heile tida gå med klokka, med elva til høgre for seg, og så nær elva som råd.[5]

Thumb
Omkareshwar med to bruer og Sardar Sarovar-demningen i bakgrunnen.
Remove ads

Utnytting av elva

Dei ulike delstatane Narmada renn gjennom, Madhya Pradesh, Gujarat og Maharashtra, har hatt strid om bruken av elva. Dei føderale styresmaktene i India har derfor oppretta eit styringsorgan for fordelinga, Narmada Water Dispute Tribunal. Det er bygd ei rekkje demningar i elva med planar om fleire.[1] Den omstridde Sardar Sarovar-demningen er den største av dei 30 planlagde demningane i Narmada Dam Project.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads