Amka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Amka eller Amqa (עַמְקָה arabisk عمقا) er ein moshav i Matte Asher regionale kommune i Nord distrikt i Israel, nær Akko. Den jødiske landsbyen ligg omtrent der den tidlegare palestinsk-arabiske landsbyen hadde lege. Denne vart avfolka under den arabisk-israelske krigen 1948. Jeminittiske jødar, som kom frå Jemen, grunnla landsbyen Amka i 1949.
Remove ads
Namn
Palmer meinte at namnet Amka kom frå den arabiske forma av «djup»,[2] medan Ringgren meiner namnet kjem frå Beth Ha-Emek, ein by nemnt i Bibelen i Josva 19:27 som ein del av området til Asjer-stammen.[3]
Historie
I romartida låg staden Kefar Amqa her.[4] Under Austromarriket vart staden kalla Amico.[treng kjelde]. I krossfarartida vart han kalla Amca.[4] I 1179 erobra Joscelin III landområdet som landsbyen låg på,[5] og i 1220 selde dottera til Jocelyn III, Beatrix de Courtenay og ektemannen hennar Otto von Botenlauben, greve av Henneberg, selde landområdet, inkludert Amca, til Den tyske riddarordenen.[6]
I 1283 vart staden nemnt som ein del av området til krossfararane under hudnaen mellom krossfararane i Akko og mamelukk-sultanen al-Mansur (Qalawun).[7]
Staden vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina. Amqa stod oppført i osmanske skattelister i 1596 som ein del av Akko nahiya (underdistrikt) i Safad liwa', med eit folketal på 215.[8] Alle innbyggjarane var muslimar.[9] Landsbybuarane betalte skatt for avlingar som kveite, bygg, oliven, bomull og frukt, og andre typar varer, som geiter og bikubar.[8][10]
Tidleg på 1700-talet kom landsbyen under Shaykh Najm sin kontroll. Han hadde ein avtale om å selje bomull frå denne og andre landsbyane til den nederlandske handelsmannen Paul Maashook. Til gjengjeld skulle Maashook betale «miri»-skatten for desse landsbyane.[11] Den arabiske reisande al-Bakri al-Siddiqi, som vitja området midt på 1700-talet, sa at han bad i landsbyen etter å ha vitja festninga i Atlit.[4] I 1776 vart landsbyen nytta som ein base for Ahmad Jazzar Pasha til å knuse eit opprør leia av Ali, ein av sønene til Zahir al-Umar.[12]
Seint på 1800-talet vart landsbyen skildra som ein landsby av stein, på ei lita høgd i ein dal, omgjeve av olive og fikentre og dyrkbar mark. Det vart estimert at det budde kring 300 drusarar her.[13] Seinare vart innbyggjarar skildra som muslimar med ein landsbymoské. I 1887 bygde dei osmanske styresmaktene ein skule i ´Amqa.[4]
Landsbyen vart avfolka under den arabisk-isrealske krigen 1948,[14][15] og alt som var att etter den arabiske landsbyen var grunnskulen for gutar og ein moské.
Dei fleste arabiske bygningane i Amqa vart øydelagde av den israelske armeen seint i 1950-åra etter ordre frå den israelske regjeringa.[4][16][17] Moskéen og skulehuset vert i dag nytta som lager.[4][18]
Den arabiske folkesetnaden vart verande under krigsrett fram til 1966.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads