Dei ti bodorda
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dei ti bodorda, eller dekalogen av gresk dekalogos, er namn på den lova Moses ifølgje 2. Mosebok, 20. kapittel og 5. Mosebok, 5. kapittel, fekk av Herren på Sinaifjellet.

Bodorda, som Herren ifølgje 5. Mos. 5,22 tala med høg røyst og skreiv ned på to steintavler, skulle vere vilkår for pakta mellom Herren og folket hans. Steintavlene låg i paktkista i det høgheilage rommet i eit telt dei kalla tabernakelet.
Remove ads
Ulike tolkingar
Ingen veit korleis bodorda skal ha sett ut på steintavlene, bibelteksten referer orda Moses høyrde på Sinai. I Kyrkja vert formulering og inndeling av bodorda gjort forskjellig. Medan katolske og evangelisk-lutherske kyrkjer bruker inndelinga som er gjeven att ovanfor, følgjer m.a. Den reformerte kyrkja og Adventkyrkja bibelteksten tettare og har eit slikt 2. bod:
Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda.
Nummereringa av dei følgjande boda vert då forskyve, og det 9. og 10. bodet vert slegne i saman til eitt.
Mange kyrkjesamfunn vil gje att bodorda meir utfyllande. I det fjerde bodordet vil mange ha med lovnaden - så det må gå deg godt, og du får leve lengje i landet.
I si litle katekisme har Martin Luther gjeve ei forklåring til bodorda. Denne forklåringa vert brukt i kristendomsundervisninga mange i lutherske kyrkjer.
Remove ads
Tekstgrunnlag
Dei ti bodorda slik dei er utforma i |
I 2. Mosebok 20. kapitlet les vi:[2] |
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads