Andreas Lunnan

norsk journalist (1940-2012) From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Andreas Lunnan (16. april 194021. februar 2012) var ein norsk journalist, musikar og programleiar frå Skogn i Nord-Trøndelag, tilsett i NRK.

Kjappe fakta

Tidleg i karrieren jobba Lunnan som journalist i Trønder-Avisa. I 1975 var han med på å starta opp NRK sitt distriktskontor på Steinkjer, og han var distriktsredaktør i NRK Nord-Trøndelag i fleire år frå oppstarten i 1984.

Andreas Lunnan fekk hjarteinfarkt i 1979, og har sidan vore open om hjarteproblema sine. Dette resulterte m.a. i to bøker om temaet. Lunnan var også ein dyktig musikar, og sat i juryen i Melodi Grand Prix i 1971. Han har leidd NRK-program om musikk, t.d. Rundt et flygel og Kappspell, og han har sjølv reist rundt som visesongar. Han har gjeve ut to plater, i 2005 og 2007.

Han var tilsett i NRK i ei årrekkje, og avslutta karrieren sin i kanalen med programmet Gjensynet i 2005.

Remove ads

Programleiar

  • 9-timen
  • Da Capo
  • Sølvsuper
  • 5 på med Yngvil Kiran (1989-1992)
  • Sommeråpent (1994)
  • Har det på tunga (1995)
  • Rundt et flygel (2001)
  • Rundt neste sving (2003)
  • Kappspell (2003)
  • Gjensynet (2005)

Utgjevingar

  • Med hjerte i fatle (Bok, 1995)
  • Hjertebanken (Bok, 2005)
  • Det vart poesi tå slekt! (CD, 2005) Tekstar av Birger Jørstad.
  • Ane neri senga – og andre godbiter (CD, 2007) Tekstar av Alv Schieflo.

Prisar og utmerkingar

  • 1983: Kringkastingsprisen saman med Gustav Moberg for «ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet»
  • 1995: NRK P1s heiderspris
  • 1997: Paul Harris' pris
  • 2008: Levanger kommunes kulturpris

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads